Å vera, eller å være? Første debatt

I min aller første debatt vart eg tvungen til å møta ein av mine store utfordringar i livet, forholdet mitt til nynorsk. Eit heller anstrengt forhold, som har vore meir prega av angst og motstand, enn glede over språket. Eg skalv i armen når eg skulle halda mikrofonen og gje mitt fyrste svar. Det var ikkje av skrekk for nynorsken, men heller av frykt for målfolket og korleis dei ville reagere på det eg sa. Det kan og ha noko å gjera med at det var min første gong i debatt, men det blir ei anna historie.

Eg undrar meg om eg er eit dårlegare menneske fordi eg ikkje nyttar nynorsk som mi målform. Ville det eg sa hatt større tyngde, og ville du trudd meir på det eg skreiv dersom eg skreiv på nynorsk? Ville verda vore vakrare, og tennene mine kvitare dersom eg hadde skreve nynorsk? Eg trur ikkje det. 

Mitt vanskelege forhold til nynorsken kjem av personleg erfaring. Eg er oppvaksen på Stangeland i Sandnes kommune. Heilt fram til slutten av 5. klasse gjekk eg i B-klassen i ein av to bokmålsklasser. I 1992 flytta eg med familien min til Kverneland, kor mor mi vaks opp. Eg kom til eit nytt miljø, ein ny klasse og ei ny målform. Det var spanande med ny skule og nye vener, men og mykje som opplevdes framand. Språket var ein av dei tinga, og språkleg glede blei til frustrasjon over manglande mestring.

Eg hadde alltid vore glad i å lesa og skriva, og skreiv mi første «bok» når eg gjekk i 2. klasse. Eg var stolt som ein hane over resultatet. Når eg no nyleg fann denne att såg eg at det ikkje var eit einaste punktum i heile teksten, ein heil del stavefeil var det og. Det som likevel var der var gleda over å fortelja ei historie og formidla den ved hjelp av det skrivne ord.

I mi verd må det vera det viktigaste, sjølve bodskapet. Kva ein ønskjer å seie og korleis ein seier det, men ikkje kva slags mål en seier det på. I vaksen alder har eg fått eit mindre anstrenga forhold til nynorsken. I Time kommune står nynorsk sterkt og som folkevald har eg har lese meir nynorsk dei siste 5 åra enn eg gjorde tidlegare. Eg ser ikkje på det som noko negativt. Eg ser det heller ikkje som negativt at eg nyttar bokmål som mi naturlege målform. Det kjennes naturleg for meg, og eg skjemmest ikkje over dette. Burde eg kanskje gjera det? Eg skjemmest heller ikkje over å bu i ein nynorskkommune, og synes det er flott at dei er så flinke til å ta vare på språket. Burde eg ikkje tykkja det?

Høgre foreslår i nytt program at dei vil redusera norskkarakterane frå tre til to. Ein for norsk skriftleg og ein for norsk munnleg. Det synes eg er eit godt forslag. 190 vidaregåande skuler gjer det allereie som ei forsøksordning ved halvårlege vurderingar, og erfaringane er gode. Lærarane meiner at dei får betre tid til å rettleie og komma med gode, faglege innspel. Elevane tykkjer at dei lærer meir, og at dei får fleire nyttige tilbakemeldingar undervegs. Forsøket syner og at ordninga gjev elevane meir mengdetrening i å skriva, både på hovudmål og sidemål. Øving gjer meister.

To standpunktkarakterar bør vera tilstrekkeleg i norsk, og eg trur me framleis vil ha to levande skriftspråk i Noreg dersom me fylgjer Høgre sitt forslag. Forandre noko, for å bevara noko. Gjera begge målforma relevante, gjennom måten me lærar dei på. Høgre føreslår og at ein innfører tekstar på begge målforma fra første klasse av. Dette gjer elevane tidligare kjennskap til sidemålet sitt, og ein lærar på ein ny måte. Kven hugsar ikkje dialektlæra i norsktimane? Ikkje noko ein fekk karakter på, men ein situasjon kor ein lærte gjennom interesse og nysgjerrigheit.

Språkleg glede og mangfald. Eg meiner at me har plass til begge målforma i norskundervisninga i tillegg til den munnlege delen, men me treng ikkje tre karakterar for å vektlegga viktigheten av kvar enkelt.

Heilheta bør telja meir enn dei enkelte delane.

PS: Avslutningsvis må eg få seie at min første debatt gjekk betre enn forventa. Eg hadde grua meg ein heil del, men fann fort ut at målfolket er ganske like folk flest. Dei hadde ikkje kvitare tenner, men meinte kanskje at verda blei litt vakrare på nynorsk.

Eg vonar og trur at me likevel kan leva lenge og godt saman i landet, for me er alle ein del av det som gjer Noreg identitet.

Heilheta bør telja meir enn dei enkelte delane.